Bedriftstilbod for Julegåver

Som i alle år har vi tilbod til bedrifter som vil gi Svanøylaks i gåve til ansatte og gode kunder - og no med bestilling i eiga avdeling av nettbutikken!

Vi set skikkelig pris på at vi blir valgt år etter år som leverandør av julegåver hos bedrifter som vil gjere stas på sine ansatte og kontaktar i høgtida. I haust har vi jobba med å legge til rette for ei enklare bestilling for dei som sitter i bedriftene og skal ordne med bestilling av gåver i ei travel kvardag. 

Vi har samla heile utvalet av Svanøylaks i 5 enkle val, og ikkje minst så har bedrifter fått ei eiga avdeling til bestilling direkte her i nettbutikken vår, der ein enkelt kan velge gåvestørrelse, smakar og ynskja leveringsdato. Vi håpar dette lettar heile bestillinga for vår gode bedriftskunder, og sjølvsagt kan ein framleis også bestille på telefon eller epost om ein ynskjer det!