ALT HAR EIN ENDE…

Til og med Svanøylaksen gjer sine siste sprell. Etter lengre tids grubling og mange diskusjonar i familien, har vi komt fram til den tunge og triste avgjørelsen om å avvikle dagens drift av Svanøy Røykeri AS. Nettbutikken stengast også, frå 31.05.2024.

Fram til då vil vi ha produksjon som vanleg, med utsending både til daglegvarehandel og privatpersonar.

Dette har vore ein spesielt vanskeleg avgjørelse å ta, først og fremst ovenfor våre 2 fantastiske ansatte og ikkje minst alle våre gode kundar og følgere som har vore trufaste og lojale i alle desse år. Mange har vi fått eit langt og godt forhold til, nokon personleg, nokon pr telefon, epost og nettbutikk over mange år, men like fullt kjennest det som ein personleg relasjon og at vi no skal gjennom ei skilsmisse. Det er ein vanskeleg avgjørelse å ta, men forhåpentlegvis den rette.

Å drive Svanøy Røykeri har vore mitt liv og daglege virke i nesten heile mitt yrkesaktive liv, heile 17 år til sommeren. Men relasjonen til røykeriet er eldre. Eg husker fortsatt min første beinnipping som 10-åring. For Elin, Trond og Borghild (mamma, pappa og bestemor) har det vore ein stor del av livet i 32 ÅR!! Dei har alle gjort ein formidabel innsats for at denne bedrifta har vart til no. For mine 3 barn har det vore heile livet med ei mamma med lakselukt som sjelden har fått med seg juleforberedelser eller juleavslutninger. For min mann har store deler av samlivet vore med meg og røykelaksen, der laksen ofte har hatt 1.pri.. Så for alle sin del blir det veldig rart å seie at dette no tar slutt, iallefall i den form det har i dag. Kva vegen vidare vil bringe er fortsatt uvisst, men det ordnar seg alltid for den som likar arbeid. Det som er sikkert er at vi gjennomfører siste ordinære produksjon i begynnelsen av juni, da legges nettbutikken ned, og det kan ikkje lenger forventes å få laks levert på kort varsel. Fra juli av tar vi en lengre ferie for kropp og sjel…

Svanøy Røykeri er ikkje i ferd med å gå konkurs, men over tid blir slitasjen på få kroppar for stor, og varig arbeidskraft vanskeleg å finne. Slik er dessverre realiteten i ein utkant som Svanøy, og det må vi forholde oss til. Så kom dråpen som fylte begeret med statens nedtrekk i produksjon av laks på bakgrunn av trafikklyssystemet. Dette gir mindre fisk i markedet der prisen er styrt av tilbud og etterspørsel. Dette vil gi ytterlegare press på lakseprisen som allereie har vore veldig høg over lang tid. Det kan vere bra isolert sett for ein eigar av eit oppdrettsselskap, men for næringa og foredlingsindustrien får det konsekvensar. Ved berre å fortsette å auke prisen er vi redd vi når ei smertegrense, den risikoen er vi ikkje villig til å ta. Å opprettholde vårt høge kvalitetsnivå har alltid vore første prioritet, det krever sitt; Nitidig oppfølging, kontinuitet og hardt arbeid. Så summen av mange faktorer gjer til at valget har falt der vi no står, og vi gir oss derfor mens «leiken er god» og med flagget til topps!

Sjølv om dette er vemodig og fortsatt litt uverkeleg, ønsker vi samtidig å takke alle våre trufaste kundar! Dere som har kjøpt våre produkt, skrytt av oss, komt med gode og konstruktive tilbakemeldingar, spreidd ord om oss gjennom jungeltelegrafen, dradd med fullstappa koffertar på tur til utlandet og heia oss fram gjennom tjukt og tynt. Uten alle dere hadde vi aldri komt så langt eller holdt ut så lenge som vi har gjort. Vi er dokke alle djupt takknemlege.

Tusen takk for oss og tusen takk for no! Det har vore ei stor ære!Del gjerne et lakseminne med oss, vi kjem til å savne dokke!

Stor Lakseklem fra Gro og resten av Laksefamilien