Årets Påskepakker er klare - og kan leverast rett i postkassa!

Det er veldig kjekt å få noko godt levert rett heim, eller å bestille ei overrasking levert til kjære som bur langt unna - men ofte har porto vært eit fordyrande hinder

Dette har vi jobba med å få gjort noko med! Posten har eit veldig godt tilbod på porto for forsendinger som kan leverast rett i postkassa - men da er det naturligvis med strenge krav til eskestørrelse, for det må jo få plass i , ja, nettopp - ei postkasse, og då passar jo ikkje dei klassiske gåveeskene til Svanøylaks - dei er spesialtilpasse for heile sider, og får nok ikkje plass i nokon si postkasse!

I det siste har vi jobba med å få på plass ei god løysing på dette, og vi har akkurat rukket å komme i mål før påske! No har vi tatt inn esker spesielt tilpassa Posten sitt tilbod, og har også fått denne løysinga integrert i utsjekk i nettbutikken vår. I tillegg har Iselin, som til dagleg er en kløpper i produksjonen, bytta ut filleteringskniven med sitt trofaste Canon D5 for en dag og tatt flotte nye bilder som viser Svanøylaksen i sitt nyaste "transportmiddel"! 

Med Pakke i Postkasse starter portopriser rett under femtilappen, så då er det enklare å unne seg ein liten luksus litt oftare - enten det er til ein sjølv eller for å glede nokon som bur lang unna.

Årets Påskepakker kan alle leverast rett i postkasse, anten du vel ein, to tre eller fire bitar. Smakane vel du fritt sjølv, så du kan sette saman di eiga favorittpakke i en fei!

Sjå tilbodet her, og bestill snarast for utsending i veke 13!