Om Svanøy Røykeri AS

Svanøy Røykeri er ei lita familiebedrift med 3 generasjonar kvinner. Vi har stor stoltheit for faget og råvarene vi produserer og bearbeider.

Svanøylaks er eit produkt der vi kun brukar laks av beste kvalitet i all hovedsak frå Marø Havbruk på Svanøy. Vi følgjer livsløpet til laksen frå den er 70-80 gram og fram til ferdig foredla produkt. Her ute driv vi i eitt med naturen og er prisgitt vær og vind, noko som kan vere med på å prege vårt unike produkt. Du kjenner det både på konsistens og smak! Og spennande smakar har vi mange av.

Etter røyking blir den marinert. Du kan velge mellom alt frå den med norsk akevitt, den litt mildare med konjakk, eller dei kraftigaste som er marinert med kvitløk eller krydder. Ein unik Svanøyvariant er marinert med sjølvplukka pors og eigenprodusert porssnaps. Og til slutt sjølvsagt den heilt tradisjonelle røykelaksen som er nydeleg i seg sjøl!


Kos deg med dei gode smakane!